Velkommen til Jostedal Camping!

Campingplassen ligg solrikt, roleg og idyllisk til ved breelv på Gjerde i hjarta av Jostedalen. Campingen ligg berre eit steinkast unna alle dei spennande aktivitetane som Jostedalen byr på.

Vi ligg berre 3 minuttars køyring frå Breheimsenteret og er eit framifrå utgangspunkt for turar i dei to flotte nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen, nokre få km unna på kvar side av dalen.

 

 

Fasilitetar:
• 12 hytter av ulik standard og storleik
• 48 CEE 16A straumuttak
• Leige av el-sykkel
• El-bil ladestasjon (Easee), for 2 el-bilar
• Tømmestasjon for bubilar
• Særs godt drikkevatn (av det beste i Noreg)
• Kjøken og stort opphaldsrom
• Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel
• Toalett og bad for rullestolbrukarar
• Stellerom for barn
• Benker og hellelagd uteplass ved elva
• Gratis WiFi
• 200 m til kolonialbutikk (Joker) med bensinpumpe
• 200 m til hotell og kafé, der du får god heimelaga mat


Campingprisar (kr / døgn) 2024

Vi har betalingsterminal for dei fleste korttypar

 
Høgsesong Lågsesong
Bil + telt, inkl. 2 pers. 350 300
Bubil eller campingvogn, inkl. 2 pers. 350 300
Motorsykkel + telt, inkl. 2 pers. 250 220
Sykkel + telt, inkl. 2 pers. 220 200
Ekstra vaksne (over 2 pers.) 15 15
Ekstra telt 80 80
Born 0–4 Gratis Gratis
Born 5–16 10 10
Straumtilkopling 50 50

Høgsesong:  9. juni – 27. august 2024

 
 

""

Vi ønskjer alle gjester velkommen, enten du vil leige hytte, kjem med bubil, campingvogn eller telt.

 Jostedal Camping held normalt ope frå 1/5 til 15/10 for bubilar, campingvogner og telt. Alle hyttene er vanlegvis opne heile året (på førespurnad vinterstid). Vi er glade i hundar, so dei er også hjarteleg velkomne. Men ver snill å halde dei i band og bruk pose!