Kart - jostedal Camping


Velkommen til Jostedal Camping!

Campingplassen ligg solrikt, roleg og idyllisk til ved breelv på Gjerde i hjarta av Jostedalen. Campingen ligg berre eit steinkast unna alle dei spennande aktivitetane som Jostedalen byr på. 
 
Vi ligg berre 3 minuttars køyring frå Breheimsenteret og er eit framifrå utgangspunkt for turar i dei to flotte nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen, nokre få km unna på kvar side av dalen. 

Fasilitetar:

• 12 hytter av ulik standard og storleik
• 48 CEE 16A straumuttak
• Tømmestasjon for bubilar
• Særs godt drikkevatn (av det beste i Noreg)
• Kjøken og stort opphaldsrom
• Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel
• Toalett og bad for rullestolbrukarar
• Stellerom for barn
• Benker og hellelagd uteplass ved elva
• Gratis WiFi
• 150 m til kolonialbutikk (Joker) med bensinpumpe
• 150 m til hotell og kafé, der du får god heimelaga mat


""

Vi ønskjer alle gjester velkommen, enten du vil leige hytte, kjem med bubil, campingvogn eller telt.

 Jostedal Camping held normalt ope frå 1/5 til 15/10 for bubilar, campingvogner og telt. Alle hyttene er vanlegvis opne heile året (på førespurnad vinterstid). Vi er glade i hundar, so dei er også hjarteleg velkomne. Men ver snill å halde dei i band og bruk pose!


Rafting i Jostedal


Film frå Jostedal


Padling på Styggevatnet


Opplev breen kombinert med kajakk- eller motorbåttur på brevatn. Icetroll tek imot dei fleste aldersgrupper og erfaringsnivå.
 

Rafting rett frå campingen


Bli med på spennande rafting i Jostedøla! Icetroll / Elvepurka (Riverpig) tilbyr turar for både små og store. 
 

Brevandring – Nigardsbreen


Kom tett på blåisen med Jostedalen Breførarlag. Bli med på breturar av ulik lengde og vanskegrad.