Attraksjonar

Naturen i og rundt Jostedalen er vår største attraksjon og ressurs.

Jostedalen strekker seg nordover frå Sognefjorden (verdas lengste, isfrie fjord) til høgfjellet og byr på fantastisk natur med Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark på kvar si side av dalen.

 

Jostedal Camping ligg berre:

  • 2,7 km NA (NordAust) for næraste punkt av Jostedalsbreen nasjonalpark (i luftlinje).
  • 1,9 km VSV for Breheimen nasjonalpark.

Det er to naturreservat og eitt landskapsvernområde innan ein radius av 15 km frå campingplassen.

  • Nigardsbreen naturreservat ligg berre 3 km N for oss (i luftlinje).

Jorda har hatt fleire istider gjennom millionar og milliardar av år, men siste istidsperiode går berre knappe 3 millionar år attende og omfatta fleire titals istider. Siste istid i Noreg hadde størst utbreiing for om lag 20 000 år sidan. Isen er den viktigaste formgjevaren til landskapet vårt, særleg på Vestlandet, og har vore med på å meisle ut dei fleste av fjordane og dalane våre.
 

Prosessane som formar landskapet vårt er framleis aktive i og rundt Jostedalen.

  • Brevegen er ein privat bomveg som går gjennom det fantastiske morenelandskapet i Nigardsbreen naturreservat. Brevegen driftar og turistbåten Jostedalsrypa på Nigardsbrevatnet. Vi finn fleire generasjonar morenar rundt dei fleste brearmane til Jostedalsbreen.
  • På Fåbergstølsgrandane, 11,2 km NA for Jostedal Camping (i luftlinje), finst den største aktive breelvsletta (sandura) i fastlands-Europa. Du finn den undervegs til Styggevatnet.
  • Alt dette, og meir til, kan du sjå i filmsalen og lese om i utstillingane til Breheimsenteret. Dette museet/nasjonalparksenteret ligg 2,5 km N for Jostedal Camping. Det er både tursti og køyreveg dit. Breheimsenteret er ein attraksjon i seg sjølv, både arkitektonisk og med si unike plassering med utsikt mot Nigardsbreen.
 

 

Utallege brearmar munnar ut i fleire av sidedalane til Jostedalen. Her kjem ei liste over brear nær campingplassen, med avstand i luftlinje og retning:

  • Nigardsbreen 6 km NV (mot NordVest), der ein kan delta på forskjellige guida breturar, både korte og lange, på den mest kjende brearmen i Noreg.
  • Tuftebreen 6,5 km VNV. Veldig fin, men litt bratt tur frå parkeringsplassen ved Bergset langs sidemorena opp til breen. Breføring på førespurnad.
  • Tunsbergdalsbreen 8 km VSV. Breføring kombinert med kajakkpadling eller motorbåttur.
  • Spørteggbreen 8,1 km ASA. Flott fottur med start frå parkeringsplassen ved Vanndalsvatnet.
  • Fåbergstølsbreen 9 km NNA. Breføring på førespurnad. Flott fottur til foten av breen frå vegen mot Styggevatnet.
  • Bergsetbreen 9,7 km VNV. Turen frå parkeringsplassen på Bergset er sagt å vere ein av dei vakraste familieturane i Noreg.
  • Stegholtbreen 15,2 km NNA. Fin utsikt frå vegen til Styggevatnet mot breen og sandura på Fåbergstølsgrandane (den største breelvsletta på fastlandet i nord-Europa).
  • Austdalsbreen 20,4 km NNA. Breføring kombinert med kajakkpadling eller motorbåttur.

 

Andre attraksjonar nær Jostedal:

  • Galleri Walaker i Solvorn har spanande kunstutstillingar frå april til september.
  • Urnes Stavkyrkje frå 1130 er på UNESCO’s world heritage list og er den eldste stavkyrkja i landet.