Sommar, haust, vinter og vår:

Velkommen til hytteferie
på Jostedal Camping!

Jostedalen er eit turparadis til alle årstider, enten du vil finne fram på eiga hand eller gå med førar. Vi har òg ei lang rekkje organiserte aktivitetar du kan vere med på. Vinterstid er dalen kjend for mykje og god snø, og er soleis eit mekka for toppturinteresserte og laussnøkøyrarar. Du kan også leige guide og vitje den fantastiske blåisgrotta under Nigardsbreen.

Av omsyn til allergikarar er det diverre ikkje lov å ha dyr innandørs eller å røyke i hyttene.
Innsjekk etter kl. 15.00, utsjekk før kl. 11.00!

 

Campingplassen har tre ulike typar hytter:

• to 4-roms hytter

• fem 2-roms hytter

• fem 1-roms hytter