Tlf:+47 5768 3914  Mob:+47 977 56789 Fax: +47 5768 4136   post@jostedalcamping.no   
Adresse: Gjerde, NO-6871 Jostedal, Norway
 

Aktivitetar

Jostedal Camping ligg på Gjerde i Jostedalen. Herifrå har du eit framifrå utgangspunkt for fjellturar med og utan førar. Du kan velje mellom lette og meir krevjande dagsturar, både på og utanom merka stiar. Campingplassen ligg i Luster, den kommunen i landet med størst tettleik av DNT (Den Norske Turistforening)-hytter.

Frå Gjerde har du ein fin start for fleirdagsturar i Breheimen. Nettsida Godtur har flotte turkart som du til og med kan laste ned til GPSen din. Mange av desse turane finn du og oppslag om på campingplassen.

Sogn Helikopterklubb
har ein oversikt over fine fot- og bilturar du kan ta i nærleiken av Gjerde (sjå menyen Område/Area).

På tur til Bergsetbreen Framfor Nigardsbreen

Jostedalsbreen er Europas største fastlandsbre. Berre 10 min køyring frå campingplassen finn du fantastisk morenelandskap ved Nigardsbreen og Bergsetbreen. Jostedalen Breførarlag tilbyr flotte guida turar av forskjellig lengde, også turar med eigen førar.
Er du glad i geografi og geologi, finn du svært mykje av interesse i Jostedalen.

I 2009 starta Icetroll rafting over ein strekning på 6 km sørover frå Jostedal Camping. Elva vekslar mellom rolege parti og stryk av klasse lll. Kjempefin oppleving.

Styggevatnet Rafting i Jostedøla

Synest du padling mellom små isfjell i 1200 m høgd over havet høyrest spennande ut? Icetroll tilbyr flotte opplevelsar med kajakkpadling på Styggevatnet og Tunsbergdalsvatnet, kombinert med brevandring. Mange nøgde kundar.

Leirdalen Bre og Juv tek deg gjerne med på juvvandring i trange canyoner eller på haik og fisketurar i vakkert fjellandskap. Du finn dei ein halvtimes køyretur sørover frå campingplassen.

På vinterstid kan du fråtse i laussnø og renner. Vil du læra om snøprofil og snøskred, vite meir om overleving i vinterfjellet og snøholegraving, har Fimbul og Norgesguidene mange spennande tilbod.


Myrhorn og Vangsen

Er du glad i flyging ligg Sogndal lufthamn berre ein god times køyring unna Gjerde. Flyplassen på Haukåsen er eit ypparleg utgangspunkt for dei heilt store naturopplevingane.

Motorsyklistar finn eit uttall spektakulære vegar med spenstig vertikalprofil i Sogn. Her er noko for alle, anten du køyrer gatesykkel eller offroader.

Driv du med paragliding eller hanggliding finst det eit par brukbare startstader med rundt 500 m høgdeskilnad mellom start og landing og køyreveg heilt fram.

Jostedalen ønskjer deg velkommen! Her kan du få intense naturopplevingar og gode minne heilt gratis.